|
Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen:
http://hdl.handle.net/2282/961
|
| Tittel: | Innverknad av vaksine og vasstemperatur ved smoltifisering og tidleg sjøvassfase på virvelmineralisering og danning av virveldeformasjonar hjå haustsmolt av atlanterhavslaks (Salmo salar L.) |
| Forfattere: | Grini, Ane |
| Dato: | 2008 |
| Sammendrag: | I oppdrett av atlanterhavslaks er deformasjonar i ryggsøyla tidvis eit stort problem, spesielt hos
haustsmolt. Deformasjonane fører til kvalitetsmessig nedgradering av fisken og problem i
fileteringsprosessen. Dette forsøket undersøkte korleis vasstemperaturar under smoltifisering og
tidleg sjøvassfase i interaksjon med inter‐peritoneal vaksinasjon med en oljeadjuvant vaksine,
påverka mineralisering og utvikling av deformasjonar i ryggvirvlar hjå haustsmolt. Haustsmolt vart
oppdretta ved 16 °C og 10 °C dei siste seks vekene i ferskvatn (FV) og dei første seks vekene i saltvatn
(SV), ved kontinuerleg lys i kar. Deretter vart fisken overført til naturleg lys i merd. Forsøket bestod
av 4 temperaturregime (10 °C FV – 10 °C SV, 10 °C FV – 16 °C SV, 16 °C FV – 10 °C SV, 16 °C FV – 16 °C
SV), med vaksinert og uvaksinert fisk i kvart regime. I løpet av ferskvassperioden (smoltifisering)
hadde fisk ved høg temperatur raskast vekst og utvikla lågast mineralinnhald i virvlane. Under dei
første seks vekene i saltvatn hadde fisk ved 16 °C og 10 °C lik vekst, og alle temperaturregima hadde
mellom 10 % og 15 % reduksjon i mineralinnhaldet i virvlane. Radiologiske undersøkingar ved
sjøvassoverføring og seks veker etter sjøvassoverføring syna at verken temperatur eller vaksinasjon
hadde gitt ein signifikant effekt på utvikling av virveldeformasjonar ved desse tidspunkta. Palpering
42 veker etter sjøvassoverføring viste derimot at fisk som hadde fått 16 °C i den tidlege saltvassfasen
hadde signifikant høgare innslag av individ med ytre teikn på virveldeformasjonar samanlikna med
fisk som hadde fått 10 °C i den same perioden (høvesvis gjennomsnittleg 17,9 % mot 2,9 % for
uvaksinert fisk og 22,8 % og 2,8 % for vaksinert fisk). Dei hadde òg signifikant høgare innslag av
deformert fisk basert på røntgenundersøking (høvesvis 92,7 % mot 46,1 % for uvaksinert fisk og 89,1
% mot 52,9 % for vaksinert fisk), og signifikant fleire deformerte virvlar per deformert fisk. Det var
ingen samanheng mellom mineralinnhaldet i ryggvirvlane seks veker etter sjøvassoverføring og
innslaget av virveldeformasjonar 42 veker etter sjøvassoverføring, og heller ikkje mellom
veksthastigheita i den tidlege sjøvassperioden og innslag av virveldeformasjonar 42 veker etter
sjøvassoverføring.
Forsøket synar at vasstemperaturen dei første seks vekene etter sjøvassoverføring er svært kritisk
med tanke på ein normal utvikling av ryggraden hos haustsmolt, og at inter‐peritoneal vaksinasjon
med olje‐adjuvant vaksine ikkje påverkar utvikling av virveldeformasjoner. |
| Nøkkelord: | Laks Deformasjoner Atlanterhavslaks Ryggsøyle Smolt Kompresjoner Mineralisering Vekst Vanntemperatur |
| Dokumenttype: | Master's thesis |
| URI: | http://hdl.handle.net/2282/961 |
| Vises i samlingene: | Mastergradsavhandlinger i natur-, helse- og miljøvern
|
Denne innførselen er lisensiert under en brukslisens. Alle innførsler i TEORA er beskyttet av opphavsrett.
|
|