Please use this identifier to cite or link to this item:
http://hdl.handle.net/2282/616
|
| Title: | Bokn og Tysvær - single eller saman? : konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing : kortrapport |
| Authors: | Bolkesjø, Torjus Lie, Kjetil Askeland, Knut Arne |
| Issue Date: | 2006 |
| Abstract: | I slutten av november 2005 blei Telemarksforsking-Bø engasjert for å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing mellom Bokn og Tysvær. Som ein del av utgreiinga er denne kortrapporten utarbeida, som eit samandrag til hovudrapporten. På same måte som i hovudrapporten, omfattar kortrapporten skjematiske oversyn over fordelar og ulemper ved ei eventuell kommunesamanslåing. Argumentlista er naturleg nok ikkje uttømmande, men gjev ei god oppsummering av det som i utgreiinga blir trekt fram som argument for og i mot ei eventuell kommunesamanslåing.
Ein eventuelt samanslått kommune vil få godt og vel 10 000 innbyggarar, medan folketalet på Bokn vil utgjere under 8 % av folketalet i ”Nye Tysvær” ut frå innbyggartala i dag. Søndre del av Tysvær med Kårstøanlegget og det store interkommunale næringsområdet for gassbasert og annan industri i Gismarvik, er truleg eit område med stort potensial for vidare utvikling. Dette saman med dei nye vegsambanda til Karmøy (T-sambandet) og lengre fram i tid Rogfast til Stavanger, vil truleg gjere dette området meir attraktivt både for næringsutvikling og busetting enn det er i dag. Dette sett i forhold til spørsmålet om kommunesamanslåing, gjer at det er argument både for og mot. |
| Keywords: | Kommunesammenslåinger Kommuneøkonomi Bokn Tysvær Rogaland |
| Publisher: | Telemarksforsking Bø |
| Document type: | Report |
| URI: | http://hdl.handle.net/2282/616 |
| Appears in Collections: | Kommunalforsking
|
This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.
|