TEORA  
 

TEORA > Telemarksforsking Bø > Senter for natur- og kulturbasert nyskaping >

English Norsk

Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen: http://hdl.handle.net/2282/599

Tilhørende filer:

Fil Beskrivelse StørrelseFormat
1161.pdf763.57 kBAdobe PDFÅpne
Tittel: Kva er Setesdal? : om nordmenns assosiasjonar til Setesdal og korleis desse kan brukast i regional merkevarebygging
Forfattere: Svardal, Solveig
Dato: 2005
Sammendrag: Vi lever i ei tid der folk i aukande grad etterspør opplevingar, spesialitetar og dei gode historiene. Denne utviklinga er spådd å forsterke seg når velstanden veks og vi får stetta stadig fleire av dei materielle behova våre. For å lukkast i kampen om opplevingskundane må ein treffe trendar og straumdrag i samfunnet, og kommunisere eit bilete som er attraktivt for omverda. Vi finn stadig oftare døme på at regionar og stader brukar merkenamnet sitt i profileringa. Særleg gjeld dette regionar der kultur og natur er viktige kjerneverdiar. ”Merkevara Setesdal” er det totale omdømet Setesdal har, eller oppfatninga folk utanfor regionen har til Setesdal. Setesdal Regionråd har tatt initiativ til finne ut kva for assosiasjonar folk busett utanfor Setesdal har til Setesdal, og korleis desse kan brukast i den regionale merkevarebygginga. Vi har spurt 1000 nordmenn busett utanfor Setesdal om kva dei assosierar med Setesdal. Bunader, særprega dialektar, setesdalskofta og folkemusikk er typiske representantar for ressursar med forankring i bygdekulturen. Dei har så stor assosiasjonseffekt at dei langt på veg kan brukast direkte i merkevarebygginga. Sølvarbeid, lokale mattradisjonar, byggjeskikk, eventyr og naturopplevingar er døme på ressursar med klare kulturøkonomiske potensial. Desse ressursane vil normalt sett måtte foredlast, koplast mot ressursar med sterkare assosiasjonseffekt, eller profilerast spesielt mot smalare marknadssegment. Tilrettelagde sportsaktivitetar, særleg badeliv og elvesport, men også til ein viss grad skisport, har svak assosiasjonseffekt i forhold til Setesdal. Dei positive assosiasjonane er sterkare hos dei som har vore i Setesdal, hos personar over 50 år, hos folk frå Agder, Telemark og Vestlandet og høgt utdanna personar med inntekt over gjennomsnittet.
Nøkkelord: Kulturøkonomi
Merkevarebygging
Regional utvikling
Bykle
Iveland
Evje og Hornnes
Valle
Bygland
Setesdal
Aust-Agder
Forlag: Telemarksforsking Bø
Dokumenttype: Working paper
URI: http://hdl.handle.net/2282/599
Vises i samlingene:Senter for natur- og kulturbasert nyskaping

Denne innførselen er lisensiert under en brukslisens. Alle innførsler i TEORA er beskyttet av opphavsrett.

 

TEORA bygger på DSpace 1.4
Høgskolen i Telemark har alle rettigheter til denne siden
Høgskolen i Telemark, Biblioteket, Postboks 203, 3901 Porsgrunn
Telefon: 35952543, E-post: teora@hit.no
Webmaster: Arild Skalmeraas
Teknisk ansvarlig: Rune Pettersen
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Frode Bakken