TEORA  
 

TEORA > Telemarksforsking Bø > Kommunalforsking >

English Norsk

Please use this identifier to cite or link to this item: http://hdl.handle.net/2282/476

Files in This Item:

File Description SizeFormat
1192.pdf630.39 kBAdobe PDFView/Open
Title: Bokn og Tysvær - single eller saman? : konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing
Authors: Bolkesjø, Torjus
Lie, Kjetil
Askeland, Knut Arne
Issue Date: 2006
Abstract: I slutten av november 2005 blei Telemarksforsking-Bø engasjert for å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing mellom Bokn og Tysvær. Utgreiinga gjev ikkje nokon tilråding eller bestemt konklusjon om samanslåing eller ikkje. I rapporten har vi lagt vekt på å gje skjematiske oversyn over fordelar og ulemper ved ei eventuell kommunesamanslåing. Argumentlista er naturleg nok ikkje uttømmande, men gjev ei god oppsummering av det som i utgreiinga blir trekt fram som argument for og i mot ei eventuell kommunesamanslåing. Ein eventuelt samanslått kommune vil få godt og vel 10 000 innbyggarar, medan folketalet på Bokn vil utgjere under 8 % av folketalet i ”Nye Tysvær” ut frå innbyggartala i dag. Søndre del av Tysvær med Kårstøanlegget og det store interkommunale næringsområdet for gassbasert og annan industri i Gismarvik, er truleg eit område med stort potensial for vidare utvikling. Dette saman med dei nye vegsambanda til Karmøy (T-sambandet) og lengre fram i tid Rogfast til Stavanger, vil truleg gjere dette området meir attraktivt både for næringsutvikling og busetting enn det er i dag. Dette sett i forhold til spørsmålet om kommunesamanslåing, gjer at det er argument både for og mot. Vi har gjort berekningar, basert på nogjeldande inntektssystem, som viser at ein eventuell samanslått kommune vil få 16 mill. kroner meir i rammetilskot over den fyrste 10-års perioden etter samanslåinga. Over dei påfylgjande fem åra, dvs. for perioden 2018-2022 dersom samanslåinga skjer 1.1.2008, vil rammetilskotet bli redusert med 2,4 mill. kr per år. For dei fleste tenesteområda er det ikkje grunn til å forvente vesentlege økonomiske konsekvensar av ei samanslåing. Tenestene skal framleis utøvast, og eventuelle innsparingar vil ligge i rasjonalisering og sentralisering av drifta. Den vedtekne avtalen som ligg som føresetnad for prosessen, inneber at dette i liten grad er aktuelt. Det er ikkje vesentlege rekrutteringsvanskar innan noko tenesteområde korkje i Tysvær eller Bokn kommune i dag.
Keywords: Kommunesammenslåinger
Rogaland
Bokn
Tysvær
Kommuneøkonomi
Publisher: Telemarksforsking Bø
Document type: Report
URI: http://hdl.handle.net/2282/476
ISBN: 82-7401-252-6
Appears in Collections:Kommunalforsking

This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.

 

TEORA runs on DSpace 1.4
Telemark University College owns all rights for this page
Telemark University College, Library, Postboks 203, 3901 Porsgrunn
Telephone: 35952543, Email: teora@hit.no
Webmaster: Arild Skalmeraas
Technical webmaster: Rune Pettersen
Editor: Biblioteksjef Frode Bakken