|
Please use this identifier to cite or link to this item:
http://hdl.handle.net/2282/411
|
| Title: | Reiselivsundersøking i Setesdal 2006 |
| Authors: | Aasmundsen, Anne Isaksen, Per Oddvar Marheim Prestholdt, Ragnar |
| Issue Date: | 2007 |
| Abstract: | Denne gjesteundersøkinga er ei oppfølgjing av tilsvarande undersøking i 2004. Undersøkinga
var gjennomført som ei spørjeundersøking blant turistane i Setesdal i juli og august 2006.
Både gjennomføring og innhald i spørjeskjemaet er i hovudsak i tråd med undersøkinga for
2004. Ein ser at det er godt samsvar mellom resultata i dei to undersøkingane, noko som gir
eit solid grunnlag for å vurdere marknaden i Setesdal om sommaren. Dei fleste turistane i
Setesdal kjem frå Noreg, Nederland, Tyskland og Danmark. Nytt i denne undersøkinga er at
det er fleire nederlendarar enn tyskarar i materialet. Dette samsvarar med SSB sin
feriestatistikk for Agderfylka, der nederlendarar utgjorde flest reisande i juli. Ein kan, om
mogleg, sjå starten på ein ny trend, der nederlandske turistar er spådd å auke i åra framover.
Tala avviker likevel frå den nasjonale statistikken som viser at tyskarar er den største gruppa
av utlendingar i Noreg både på sommaren og totalt i 2006. Mykje tyder på at Rv9 gjennom
Setesdal er godt etablert som reiserute frå ferjesambandet på Sørlandet, og for mange er
Setesdal første stopp på rundereisa i Noreg og truleg første møte med norsk natur. Relativt
kort opphald på 2-3 dagar, bruk av eigne køyretøy og tilbakemeldingar på at Setesdal er lett å
kome til eller passar godt i reiseruta, stadfestar at mange er på veg gjennom Setesdal. Likevel
er det opplevinga av vakker natur og naturaktivitetane dei fleste verdset mest og har størst
forventningar til i Setesdal. Dette må sjåast i samanheng med anna kunnskap om utanlandske
turistar i Noreg, der natur, landskap og oppleving av stille og ro er viktige faktorar i val av
Noreg som ferieland. Positive tilbakemeldingar tyder på at Setesdal har hatt ei god utvikling
og har eit godt tilbod innan naturaktivitetar. Særleg er det dei mindre krevjande aktivitetane
(mjuke aktivitetar) som vandring, fisking og sykling som har størst oppslutnad.
Marknadsføringa, anten via nøgde gjester, eller bruk av internett, synest å bli viktigare og
viktigare for alle reisande, og er såleis i tråd med det vi veit om bruk av informasjonskjelder.
At utlendingane i tillegg nytter brosjyrar og reisehandbøker, kan tyde på at dei har vore i
kontakt med turoperatørar via messer eller anna.
Undersøkinga hadde eigne spørsmål for besøkande til Hovden. I dette kjem det fram at
utlendingane oppheld seg lenger på Hovden enn nordmenn, med respektive tre dagar og ein
dag. Det er framleis naturaktivitetane, og særleg fjellvandringar, som har størst oppslutnad
blant turistane. Dei er generelt svært godt nøgd med mottakinga og gjestfridomen, men
målber misnøye med byggeaktiviteten omkring Hovden. |
| Keywords: | Setesdal Marknadsundersøkinger Sommarturistar Reiseruter Reiseliv Turisme |
| Publisher: | Høgskolen i Telemark |
| Document type: | Report |
| URI: | http://hdl.handle.net/2282/411 |
| Appears in Collections: | HiT skrift Institutt for økonomi og informatikk
|
This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.
|
|