Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen:
http://hdl.handle.net/2282/218
|
| Tittel: | Studentar i oppdrag : ein rapport som oppsummerer utført arbeid og røynsler frå prosjektet "Nyskaping som samarbeidsprosess mellom SMB og HiT", 1998-2000 |
| Forfattere: | Hovland, Nils Per |
| Dato: | 2000 |
| Sammendrag: | Det er ikkje noko nytt i at studentar ved Høgskolen i Telemark tar utgangspunkt i konkrete
bedrifter/organisasjonar når dei som lekk i utdanninga gjer sitt prosjektarbeid. Det ein kan
seie er nytt i dette prosjektet ”Nyskaping som samarbeidsprosess mellom SMB og HiT” er at
vi tok sikte på eit tett samarbeid med bedriftene, at fokus var sett på nyskaping/utvikling og at
vi hadde fleire ressursar å sette inn både i enkeltprosjekta og i nettverket.
21 studentar organisert i 7 grupper har arbeidd med kvar si(n) bedrift/organisasjon. Kvar
gruppe har hatt ein rettleiar. Det har vore jamnlege kontaktmøte mellom rettleiarane i løpet av
skoleåret, der ulike problem er tatt opp. 6 av gruppene leverte prosjektrapport innan fristen 15.
april 1999. Den siste gruppa fall frå, og ny gruppe overtok i studieåret 1999/2000. Denne
leverte rapport innan fristen 15.04.2000. ”Småbedriftsdagen 99” blei arrangert 18 mars. Her
møtte representantar for alle dei 7 verksemdene.
Vi meiner det må kunne framhevast ein del positive side ved dette SMB-prosjektet som ein
ikkje ville fått i same grad gjennom den ordinære ordninga: Kontakt med nye verksemder både gjennom prosjektarbeidet og Småbedriftsdagen, større nytteverdi for oppdragsgivar når denne er sterkare involvert i arbeidet, større læringsverdi for studentane når oppdragsgivar er engasjert og stiller krav, ressursar til meir omfattande rettleiing og oppfølgjing, ressursar til meir omfattande undersøkingar og kontaktverksemd. |
| Nøkkelord: | Prosjektarbeid Nyskaping Utvikling Entreprenørskap Prosjektstyring |
| Forlag: | Høgskolen i Telemark |
| Dokumenttype: | Working paper |
| URI: | http://hdl.handle.net/2282/218 |
| Vises i samlingene: | HiT notat Institutt for økonomi og informatikk
|
Denne innførselen er lisensiert under en brukslisens. Alle innførsler i TEORA er beskyttet av opphavsrett.
|