|
Please use this identifier to cite or link to this item:
http://hdl.handle.net/2282/182
|
| Title: | Reiselivsundersøking i Setesdal 2004 |
| Authors: | Aasmundsen, Anne Isaksen, Per Oddvar Marheim Prestholdt, Ragnar |
| Issue Date: | 2005 |
| Abstract: | Sommaren 2004 blei det utført ei spørjeundersøking i Setesdal blant 531 norske og utanlandske turistar. Resultata som blir presenterte i denne rapporten, viser at det er flest
nordmenn og tyskarar, og noko færre nederlendarar og danskar som utgjer dei største
gruppene av besøkande til området. I gjennomsnitt oppheld dei seg i Setesdal eit par dagar, og
nordmenn har kortare opphaldstid enn utlendingane. Resultata tyder elles på at jo lengre unna
Setesdal (og Noreg) ein kjem frå, dess tidlegare er avgjersle om reise teken og dess lengre er
reisa. At dei fleste nyttar eige transportmiddel, og da helst bil, er ikkje så overraskande for eit
område som ikkje er bunde saman med jernbane, flyplass eller eit omfattande bussnett.
Dessutan er det mest praktisk da mange reiser med born. Sjølv om ikkje turistane har så lange
opphald i Setesdal, er det tydeleg at området er viktig som delmål for turistane på vegen
vidare nordover, vestover eller til ferjesambandet i Kristiansand. Dei har ønskje om å oppleve
natur og fjell, og er stort sett godt nøgde med dei naturaktivitetane som området har. For
utlendingane er det særleg stille og ro, samt opplevingar av vakre landskap og fin natur som
blir omtala som svært positivt ved opphaldet i Setesdal. For dei som reiser med born, er det
tydeleg at tilbod om aktivitetar i vatn og på land er viktige for opphaldet. For mange er dette
truleg element som dei har fått tilrådd av vener og familie, eller kjenner til frå tidlegare turar.
Men mange utlendingar har og nytta både reisehandbøker og brosjyrar i planlegginga av reisa,
og såleis valt Setesdal på bakgrunn av det. Mykje av resultata er i tråd med tidlegare
undersøkingar både i Setesdal og i resten av Noreg, noko som er ei viktig kvalitetssikring i
seg sjølv i mange samanhengar. Dessutan kjem det fram mange synspunkt og meiningar som
er viktig for regionen si vidare satsing på turismen i Setesdal. |
| Keywords: | Setesdal Marknadsundersøkinger Sommarturistar Reiseruter Reiseliv Turisme |
| Publisher: | Høgskolen i Telemark |
| Document type: | Report |
| URI: | http://hdl.handle.net/2282/182 |
| Appears in Collections: | HiT skrift Institutt for økonomi og informatikk
|
This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.
|
|