TEORA  
 

TEORA > Høgskolen i Telemark > Skriftseriene > HiT skrift >

English Norsk

Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen: http://hdl.handle.net/2282/154

Tilhørende filer:

Fil Beskrivelse StørrelseFormat
skrift2005_6.pdf207.83 kBAdobe PDFÅpne
Tittel: Hjertet i hjernen : det biologiske grunnlaget for kjenslene
Forfattere: Høystad, Ole Martin
Dato: 2005
Sammendrag: Denne artikkelen handlar om forholdet mellom kjenslene og hjernen, korleis vårt kjensleliv er bestemt og betinga av korleis hjernen biologisk er oppbygd og nevrofysiologisk er sett saman. Artikkelen er ei vidareføring av eller eit tillegg til boka Hjertets kulturhistorie. Frå antikken til vår tid (Spartacus 2003) som handlar om korleis hjertet er blitt oppfatta i ulike kulturar til ulike tider. Utgangspunktet for Hjertets kulturhistorie er Sigrid Undsets kjente – og diskutable – ord om at menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage. I alle kulturar er hjertet metafor og symbol på samvit, kjensler og kjærleik. Hjertet er såleis kongesymbolet på alt vi finn verdfullt menneskeleg, og det er stadig eit ideal å vere trufast mot og følgje hjertet sitt. Bakgrunnen for at hjertet er blitt det sentrale symbolet på kjenslene i vår og andre kulturar, er at hjertet er symptom på kjenslene. Hjertet slår litt heftigare når det er noko vi reagerer emosjonelt på, og dårleg samvit blir opplevd som eit stikk i hjertet. Derfor er hjertet blitt oppfatta som sete og kjelde for kjenslene. I dag veit vi at kjenslene ikkje oppstår i hjertet, at hjertet ytre sett er eit symptom som i enkelte situasjonar og samanhengar reagerer på impulsar frå hjernen. For det er hjernen som styrer kjenslene og sender sine impulsar til ulike kroppsdelar, bl.a. til hjertet som ’får beskjed’ om å slå litt raskare og pumpe ut litt meir blod når det er noko vi reagerer kjenslemessig på. Derfor er det grunnlag for å hevde at hjertet og alt det representerer emosjonelt, eigentleg sit i hjernen. Det er grunnlaget for ein slik påstand og hjernens rolle i vårt kjensleliv denne artikkelen handlar om, der eg særleg tar for meg ein del av den naturvitskaplege litteraturen om kjenslelivet.
Nøkkelord: Følelser
Biologi
Reduksjonisme
Hjernen
Hjertet
Forlag: Høgskolen i Telemark
Dokumenttype: Report
URI: http://hdl.handle.net/2282/154
Vises i samlingene:HiT skrift
Institutt for kultur- og humanistiske fag

Denne innførselen er lisensiert under en brukslisens. Alle innførsler i TEORA er beskyttet av opphavsrett.

 

TEORA bygger på DSpace 1.4
Høgskolen i Telemark har alle rettigheter til denne siden
Høgskolen i Telemark, Biblioteket, Postboks 203, 3901 Porsgrunn
Telefon: 35952543, E-post: teora@hit.no
Webmaster: Arild Skalmeraas
Teknisk ansvarlig: Rune Pettersen
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Frode Bakken