|
Please use this identifier to cite or link to this item:
http://hdl.handle.net/2282/1257
|
| Title: | Introduksjon av fornybar energi i fjellet. Rauhelleren turisthytte, Hardangervidda |
| Authors: | Lægreid, Hans Olav |
| Issue Date: | 2004 |
| Abstract: | Denne undersøkinga har som mål å greie ut om fornybare energikjelder, og teknologien rundt
bruk av hydrogen som energiberar, kan dekke behovet for elektrisk energi på Rauhelleren
turisthytte. Sidan 1981, då Rauhelleren fekk installert den fyrste dieselgeneratoren, har fossilt
brensel vore kjelda for elektrisk energi. Sidan den gongen har det skjedd ei rivande utvikling
innan fornybare energikjelder som sol- og vindenergi og brenselcelleteknologien. Utfordringa
so langt har vore å lagre energien, slik at forbruket kan skje ved behov uavhengig av dei
fysiske forholda.
Det er utført målingar av ressursgrunnlaget for sol- og vindenergi og logging av effektbruk.
Produksjonspotensialet for vindenergi er basert på både eigne målingar og data gjevne av
Meteorologisk institutt (DNMI). Målingane vart utført over 3 månadar på Rauhelleren, og dei
er korrelerte mot DNMI-data frå Finse for å kunne lage tidsserie for eit heilt år. Med
utgangspunkt i produksjonskurva til ein 22 kW vindturbin kan det produserast 66 MWh
elektrisk energi frå vindenergi over eit år på Rauhelleren.
Problem knytt til målingar av solinnstråling gjorde at desse ikkje kunne brukast i analysen.
Grunnlaget for analysen er difor måledata henta frå SOUS-prosjektet med 9 målestasjonar i
Sør-Noreg i perioden 1994-2001. Resultatet av målingane viser eit årleg potensial på 138
kWh/m2. For å produsere 66 MWh tilsvarande som frå vindturbinen krev det eit solcelleareal
nær 500m2.
Dieselgeneratoren produserer 27,2 MWh elektrisk energi årleg, dette er gjennomsnittet av ein
5 års referanseperiode frå 1997-2001. Forbruket er prega av hyppige og store sprang i
effektbruken der toppane ligg tett opp mot yteevna til generatoren. Dette vart stadfesta av
målingar utført vinteren 2003.
Målingane som er utført, er ikkje tilstrekkelege som grunnlag for val av løysingar. Til det er
det for korte måleperiodar og unøyaktige målingar. Arbeidet har derimot avdekt eit stort
potensiale for optimalisering av dagens energibruk, noko som også legg grunnlaget for vidare
undersøkingar. Optimalisering inneber endring av energibruk ved å erstatte elektrisk energi til
oppvarming av vatn med gass og ulike former for biologisk brensel. For å auke
verknadsgraden til dieselgeneratoren når den går, kan i tillegg energi lagrast i batteri til
mindre forbruk. Det vil medføre minimal bruk av fossilt brensel, samtidig som forbruket vert
tilrettelagt for ein seinare introduksjon av fornybare energikjelder og hydrogen som
energiberar. Reduserte effekttoppar og generelt lågare forbruk av elektrisk energi reduserer
både omfanget av eit hydrogenanlegg og med det framtidige investeringskostnader. På kort
sikt vil det også bli lågare driftskostnadar. |
| Keywords: | fornybar energi energibruk solkraft vindkraft hydrogen energioptimalisering |
| Geographical name: | Rauhelleren |
| Publisher: | Høgskolen i Telemark |
| Document type: | Master thesis |
| Peer reviewed: | Not peer reviewed |
| URI: | http://hdl.handle.net/2282/1257 |
| Rights: | © Copyright The Author. All rights reserved |
| Bibliographic citation: | Lægreid, H.O. Introduksjon av fornybar energi i fjellet. Rauhelleren turisthytte, Hardangervidda. Hovedfagsoppgave, Telemark University College, 2004 |
| Appears in Collections: | Mastergradsavhandlinger i natur-, helse- og miljøvern
|
This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.
|
|