TEORA  
 

TEORA > Høgskolen i Telemark > Fakultet for allmennvitenskapelige fag > Institutt for kultur- og humanistiske fag >

English Norsk

Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen: http://hdl.handle.net/2282/1196

Tilhørende filer:

Fil Beskrivelse StørrelseFormat
Paa_gammelt_maal.pdf115.62 kBAdobe PDFÅpne
Tittel: "Paa gammelt Maal og paa Pergament". Har det funnest ein skriftleg norsk balladetradisjon?
Forfattere: Solberg, Olav
Dato: 2011
Sammendrag: Det blir gjerne stillteiande rekna med at dei norske balladane har blitt overførte i munnleg tradisjon frå seinmellomalderen og fram til midten av 1800-talet, da Landstad, Bugge og andre samlarar feste balladetradisjonen til papiret. Men dette er ein lang periode, og spørsmålet er om munnleg tradisjon av den typen som balladen representerer, kan greie seg så lenge på eiga hand. Etter alt å døme har skrift vore inne i bildet; balladen har ikkje vore ei reint munnleg dikting her i landet, men har hatt støtte i skrift. Det har med andre ord funnest ein skriftleg balladetradisjon i Noreg ved sida av den munnlege, i form av visebøker og viseoppskrifter. Vi ser spor av denne skrifttradisjonen på 1800-talet, bl.a. i samband med ”Draumkvedet” og ”Roland og Magnus kongen”. Også lenger attende i balladehistoria ser vi glimtvis døme på at balladen har vore skriftfest. Det er vidare eit hovudpoeng i denne artikkelen at teksttradisjonen mest mogleg må knytast til personar og miljø. Likeeins må vi sjå kva som skjedde i tida før husmannstradisjonen på 1800-talet. Husmennene hadde nok sjeldan tilgang til bøker og skrift, men det hadde dei velberga bonde- og lågadelsættene som bar fram balladediktinga i tidlegare tider. I artikkelen diskuterer eg nokre sentrale balladetekstar frå ulike tidspunkt i balladehistoria og knyter tekstane til menneske og stader – frå det norske hoffet kring 1300 til husmannsstovene i Vest-Telemark på 1800-talet.
Nøkkelord: ballader
Forlag: Novus
Dokumenttype: Journal article
Bibliografisk referanse: Solberg, O. "Paa gammelt Maal og paa Pergament". Har det funnest ein skriftleg norsk balladetradisjon? Maal og minne, 2011, No. 2, p. 67-95
Vises i samlingene:Institutt for kultur- og humanistiske fag

Denne innførselen er lisensiert under en brukslisens. Alle innførsler i TEORA er beskyttet av opphavsrett.

 

TEORA bygger på DSpace 1.4
Høgskolen i Telemark har alle rettigheter til denne siden
Høgskolen i Telemark, Biblioteket, Postboks 203, 3901 Porsgrunn
Telefon: 35952543, E-post: teora@hit.no
Webmaster: Arild Skalmeraas
Teknisk ansvarlig: Rune Pettersen
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Frode Bakken