|
Please use this identifier to cite or link to this item:
http://hdl.handle.net/2282/1191
|
| Title: | Kopiering av tradisjonskunst som læringsmetode |
| Authors: | Rorgemoen, Mari |
| Issue Date: | 2011 |
| Abstract: | Artikkelen er skriven på bakgrunn av problematikk kring utvikling av ein forskingsbasert
didaktikk for tekstilundervisninga på grunnstudiet ved Institutt for folkekultur, Høgskolen i
Telemark. Delar av forskingsprosjektet tek difor utgangspunkt i eksisterande undervisningsverksemd ved dette studiet. Spørsmåla som det er søkt å få svar på her, er: Kva dialog og
læring er framtredande ved kopiering av ein tradisjonell tekstilgjenstand? og: Korleis har
denne arbeidsmåten ein plass i ein forskingsbasert didaktikk? Kopiprosessen skjedde i ein
avgrensa oppgåveperiode, utført med to studentgrupper i 2008/2009. Intervju var valt som
metode saman med analyse av innhald i oppgåverapportar som var skrivne samtidig med
kopiverksemda. I samband med utvikling av ein forskingsbasert didaktikk der kopiverksemd
inngår, er drøftingane førte på grunnlag av sosiokulturell og sløydpedagogisk teori, saman
med teori i møte med folkekunst. Kopiprosessen er relatert til ein verksemdsmodell for
sløydfaget. Resultata er drøfta i høve til mål for oppgåva og gjeldande fagplan. Kopiering
som læringsmetode har ein plass i ein forskingsbasert didaktikk når verksemda fører til
erkjenning og integrert forståing, ikkje som rekonstruksjon av tradisjonar. Målet for ein
forskingsbasert didaktikk er horisontsamansmelting som følgje av hermeneutiske samtaler
som gjeld samspel, spatialitet, spelereglar og spelerom i tradisjonen. |
| Keywords: | folkekunst broderi kopiering tradisjon didaktikk sløyd |
| Publisher: | FORMakademisk |
| Document type: | Journal article |
| Peer reviewed: | Peer reviewed |
| Bibliographic citation: | Rorgemoen, M. Kopiering av tradisjonskunst som læringsmetode. FORMakademisk, 2011, 4(1), p. 81-99 |
| Appears in Collections: | Institutt for folkekultur
|
This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.
|
|