TEORA  
 

TEORA > Telemarksforsking Bø > Kultur- og idrettsforsking >

English Norsk

Please use this identifier to cite or link to this item: http://hdl.handle.net/2282/1095

Files in This Item:

File Description SizeFormat
1873.pdf859.66 kBAdobe PDFView/Open
Title: Når hornet er lagt på hylla : fråfall av tenåringar frå musikkorps
Authors: Hjelmbrekke, Sigbjørn
Berge, Ola K.
Issue Date: 1-Sep-2010
Abstract: Telemarksforsking har på oppdrag frå Norges Musikkorps Forbund sett nærare på fråfallet frå musikkorpsa i Noreg. Medan rekrutteringa er jamt god, opplever ein i aukande grad at musikantane fell frå etter kvart som dei blir meir og meir viktige for korpset. Dette er sjølvsagt eit problem for musikkorpsa. Prosjektrapporten ”Når hornet er lagt på hylla” fokuserer på fråfall i brei forstand, og ser også på dei samfunnsmessige konsekvensane av fenomenet. Medan fråfall for den einskilde organisasjonen er ei utfordring, kan det same fråfallet vere eit demokratisk gode. Fleire og betre kulturtilbod, i heile landet, gjer at barn og unge har meir å velje i - og dermed ein større moglegheit for å finne fram til ”deira” aktivitet. Ein slik seleksjonsprosess fører nødvendigvis med seg bortval like mykje som val. Rapporten fokuserer dermed mykje på kva Norges Musikkorps Forbund sjølv kan gjere for å leggje til rette for at flest mogleg igjen og igjen vel musikkorps som aktivitet i ein konkurranseutsett fritidsaktivitetsmarknad. Konkrete tiltak som blir vektlagt i rapporten er m.a. styrking av dirigentkompetansen, auka fokus på individuelle behov, betre talentutvikling, styrking av individuell instrumentopplæring og større fokus på gode førebilete, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Forskingsrapporten gjev vidare eit innblikk i og analyse av utviklinga av medlemsmassen i Norges Musikkorps Forbund frå 1996 fram til 2010, for byane Oslo og Bergen og fylka Buskerud og Østfold.
Keywords: Musikkorps
Rekruttering
Frafall
Publisher: Telemarksforsking Bø
Document type: Research report
URI: http://hdl.handle.net/2282/1095
Rights: © Copyright 2010 Telemarksforsking
ISBN: 978-82-7401-385-8
Appears in Collections:Kultur- og idrettsforsking

This item is protected by a usage licens. All items in TEORA are protected by copyright.

 

TEORA runs on DSpace 1.4
Telemark University College owns all rights for this page
Telemark University College, Library, Postboks 203, 3901 Porsgrunn
Telephone: 35952543, Email: teora@hit.no
Webmaster: Arild Skalmeraas
Technical webmaster: Rune Pettersen
Editor: Biblioteksjef Frode Bakken